Tips & Verktøy

Her får du mine 20 beste tips og nyttige verktøy for reiselivsbedrifter, frå oppstart til drift, kommunikasjon, marknadsføring og salg. Lett, gratis og veldig nyttige!

Som rådgjevar og kurshaldar kan eg også bidra med lure tips og ærlege, direkte tilbakemeldingar på bedrifta eller idéen din for å bidra til å løfta deg opp og fram.

Ta kontakt om du trur eg kan hjelpa deg til å lykkast. Lykke til!

Linda Løvfall

Nyttige, gratis tips frå meg til deg

Her har eg samla dei beste gratis/billige verktøya som eg har hatt nytte av og som også du bør bruka i di bedrift. Her er ei huskeliste over mine aller beste tips og ei rekkje bonustips undervegs til å få reiselivsbedrifta di opp og stå på web og sosiale medier:

1. Bedriftsnavn

OK, la oss starta med navnet først i tilfelle du ikkje har kome så langt enno. Når du skal bestemma navn på bedrifta er det nokre ting som er lurt å vurdera, først og fremst: Kva skal du vera – og for kven? Ulike målgrupper vil ha ulike preferansar og oppfatningar i høve til korleis dei vurderer navnet ditt. Ta ein kjapp liten sjekk frå eit kundeperspektiv på idéane dine:

* Er navnet forståeleg for folk som ikkje kjenner til bedrifta?

* Framstår mine kundar på ein positiv måte overfor sine vener igjen når dei skriv og seier høgt bedriftsnavnet mitt?

* Vil mine potensielle kundar kunna skryta av at dei har besøkt eller handla hos bedrifta mi til sine vener i sosiale medier?

Bedriftsnavnet ditt er første indikator på om du er det rette valget for meg som kunde eller ikkje, då må du vita kva typar menneske du først og fremst skal trekkja til deg som kundar.

Her er nokre gode tipslister til inspirasjon:

Forbes.com | Sitepoint.com | Legalzoom.com

2. Sjekk domene og brukarnavn

Når du har funne eit navn som høyrest bra ut, er det lurt å sjekka om det er ledig både som domene og i ulike sosiale medier:

  • * Er domenet www.bedriftsnavn.no ledig? Sjekk domenenavn, foretaksnavn og varemerke på ein gong på navnesøk.no.
  • * Er www.facebook.com/bedriftsnavnet ledig? Gå inn på Facebook i nettleseren og føy til /bedriftsnavnet, så ser du. Søk gjerne i Facebook for å få opp liknande treff.
  • * Er www.instagram.com/bedriftsnavnet ledig? Søk inne på Instagram på telefonen, så får du også oversikt over bruk av #hashtags på eller i nærleiken av bedriftsnavnet ditt også.
  • * Sjekk også alle andre relevante sosiale medier som twitter, snapchat, linkedin, pinterest dersom aktuelt for di bedrift. Husk at å ha konto er gratis, så «better safe than sorry»: registrer alle du trur du kanskje kan koma til å villa bruka. Det er usannsynleg irriterande å finna ut seinare at nokon andre har knabba bedriftsnavnet ditt…

Når du har funne eit godt bedriftsnavn som er ledig og tilgjengeleg i ulike sosiale medier er du klar til å gå vidare:

3. Oppstart

Om du ikkje alt har gjort det, gå inn på starte og drive bedrift på Altinn. Der finn du alt du treng. Då får du også organisasjonsnummeret som skal til for å få .no domene. Her får du oversikt over skilnadane mellom Enkeltpersonforetak eller Aksjeselskap.

BONUSTIPS: dersom du berre har litt omsetning innimellom i starten, men ikkje nok til å forsvara kostnaden med fullt rekneskapssystem med fakturaprogram, vil eg anbefala sendregning.no. Då betalar du berre pr. rekning du sender, og får ut lovlege fakturaer.

Du har IKKJE lov til å berre skriva ein faktura i word eller excel og senda, då dette gjev høve til å juksa med faktura og fakturanr. Bruk heller sendregning.no om du ikkje har fakturaprogram sjølv.

4. Registrer domene for nettsida di

Treng eg nettside? Ja, det gjer du. Det er i dei aller fleste tilfella DER du får salg. Facebook, Instagram og dei andre bare ledar trafikken av interesserte potensielle kundar inn til meir informasjon, og det finn dei på nettsida di.

Det er mange ulike publiseringssystem som hjelper deg til å halda styr på innhaldet på ein lettvint måte. Eg er veldig fornøgd med WordPress, eit gratis webside / bloggsystem som har vore verdens mest populære CMS (content management system) sidan kring 2010.

Dersom du ikkje er veldig teknisk og har litt pengar på budsjettet vil eg anbefala at du får nokon profesjonelle til å laga og ikkje minst vedlikehalda nettsida for deg. Ein ting er å hekla saman ei webside. Ein annan ting er å halda programvara oppdatert og unngå hacking. Det treng ikkje kosta veldig mykje pengar.

Eg har brukt Mementor fleire gonger og vore fornøgd med dei. Dei har spesiell kunnskap om og fokus på å hjelpa små bedrifter. Fordelen med WordPress er at du ikkje «giftar deg» med eitt spesifikt selskap. Er du ikkje nøgd med webleverandøren din er det berre å pakka sakene sine og flytta over til den neste.

Dersom du er litt «nevenyttig» kan du gjera det sjølv. Då får du nettside for ned til nokre hundrelappar i året. Det er mange som tilbyr billige domene og webhotell, f.eks.:

5. Lag Googlekonto for bedrifta

Googlekonto tenester

Dersom du ikkje har ein googlekonto for bedrifta frå før bør du etablera ein konto som du har som base for bedrifta på Google først. Få tilgong på ei rekkje gode og gratis verktøy, jo før jo heller som blant andre:

  • * Google Bedriftsprofil bedriftsoppføring i Google maps og generelt i søketreff: Her kjem du på Googlekartet med bedrifta, du får ekstra oppføring med kontaktinfomasjon, opningstider, bilde, stjerner/vurderingar osv. Søk først etter bedrifta di her i tilfelle den er oppført allerede, då kan du gjera krav på den som står der.
  • * Analytics: kjempebra og gratis statistikkprogram for nettsida.
  • * Google URL shortener for minimering av linkar, f.eks. i statusmeldinger i sosiale medier eller for å spora andre linkar inn til nettsida.
  • * Google nettredaktører, webmaster tools, Google search console… Nyttig barn har mange navn.
  • * Google Ads: annonsering i Google på alt du ikkje greier å bli synlig på med nettsida.
  • * Søkeordplanleggjar: logg deg på Google Ads og få hjelp til å finna dei beste orda for annonsa di.
  • * Google drive: gratis tekstbehandling, rekneark, presentasjonar osv. som også er delbare med andre! Kjempenyttig når ein f.eks. som eg skal planleggja festival og har kolleger både i Rosendal og i London.
  • * Google meet: videomøter

Og mange fleire. Det er gratis og fort gjort å laga konto, rett og slett ingenting å lura på.

Har du konto frå før? Det skadar ikkje å sjekka at den er sikker.

6. Lag Google Bedriftsprofil

Registrer bedrifta di her

7. Facebook og Instagram

Treng vi nevna dei?

8. Lag Tripadvisor-oppføring for bedrifta

Tripadvisor owners

Sjekk her om bedrifta di er oppført frå før

Dersom ja: klikk på Claim Your Business

Dersom nei: sjå under søkefeltet og klikk på linken Business not listed? Klikk på Get listed 

Velg rett hovudkategori og fyll ut alle relevante felt i registreringsskjemaet og kryss av for alle relevante kategoriar. Sjekk rekkefølgen at det er logisk rekkefølge med dei viktigaste først.

Kurs i Tripadvisor?

Eg har eit halv- eller heldagskurs i TripAdvisor for område som har lyst til å bli gode på TripAdvisor i lag:

  • * Slik får du ei bedriftsoppføring som sel på Tripadvisor
  • * Stoppa folk langs veien? Slik løfter vi fram heile destinasjonen på Tripadvisor saman.
  • * Auk salet: slik brukar du Tripadvisor til å gjera kikkarar til kjøparar på heimesida di.
  • * Slik får du gode omtalar
  • * Slik skriv du eit godt takkesvar
  • * Slik snur du negative omtalar til å bli god marknadsføring
  • * Marknadsføringstips: løft bedrifta di med mange gode omtalar
  • * Sjå korleis konkurrentane dine ligg an
  • * Kva får ein med betalt profil som bedrift og som destinasjon?
  • * Booking og omtalar med Tripadvisor, Google, Facebook, Booking.com…
  • * Vi går i gang med å løfta både destinasjon og bedrift i lag!

Ta kontakt om du vil at eg skal halda kurs i ditt område.

9. Sikkerheitskopiering

Lag gratis konto på Dropbox.com og du treng ikkje lenger vera redd for at datamaskina di skal bli stolen eller gå tapt i brann. Du å har du til ei kvar tid sikkerhetskopi av alle dokument. Om du skulle få ødelagt maskina di er det bare å installera Dropbox på den nye maskina, logga på og vips: så er du tilbake der du slapp med alle dokument på plass.

Dette får du til slik:

  • * Lag gratis konto på dropbox.com
  • * Installer dropbox på maskina di og legg opp ein snarveg til denne mappa der du vil
  • * Logg på med rett brukarnavn og passord slik at du koblar dropboxkontoen din til mappa på maskina di
  • * Bruk så konsekvent dropboxmappa på maskina til alle dokument. Då får du samtidig kontinuerleg sikkerhetskopiering av alle dokument. Merk at om du får virus vil dette også kunna spreia seg inn på kontoen din via dokumenta dine, så du bør i tillegg få deg ein ekstern harddisk som du sikkerhetskopierer heile maskina med jamne mellomrom på.

BONUSTIPS: dersom du skal samarbeida med nokon eller senda store filer som video, bilde etc. kan du laga ei mappe inne i Dropbox som du kan dela med ein annan brukar. Då vi vedkommande få opp den same mappa på si maskin, og kan henta ut eller leggja til filer på same måte.

10. Sending av store filer på epost

Ein del epostprogram har begrensingar i kor store epostar du kan senda om gongen. Typisk ligg denne grensa på rundt 20 MB.

Dersom du ikkje vil dela ei mappe i Dropbox som beskrive over, finst det fleire gode nettsider som kan vera mellomledd og senda filene for deg. Ei bra gratis westeneste her er WeTransfer.com. Klikk på gratisversjonen om du ikkje kjem rett inn til der du kan leggja til filer og skriva til og frå-adresser.

Med denne løysinga vil mottakaren få ein epost frå deg med ein link som må klikkast på innan nokre dagar for å lasta ned vedlegget ditt.

11. Nyheitsbrev

Mailchimp.com: Nyhetsbrev og landingssider for kampanjar. Blant anna. Svært mykje bra som er gratis tilgjengeleg! Gode moglegheiter for skreddarsaum av design med enkle maler, og avanserte mogelgheiter for automatisering for den som treng det. Her finst fleire gode leverandører på marknaden, men Mailchimp er min absolutte favoritt – og den er gratis.

12. Bildebehandling for web

Når du skal leggja ut bilde på nettsida di er det viktig at du ikkje berre legg ut bilda frå fotoapparatet eller telefonen din direkte. Dei blir altfor store for websida. Tunge sider blir straffa av Google og blir tunge å lasta ned, spesielt på mobil.

Pixlr.comPixlr.com er eit gratis bildebehandlingsprogram som du ikkje treng lasta ned. Her finn du to ulike versjonar: Pixlr Editor (her kan du jobba med fleire lag som i Photoshop) og Pixlr Express (enklare og godt nok til å justera bilde for web).

Berre gå inn på ein av dei og vel bilde enten frå maskina eller frå ei nettadresse så får du lagra ned til maks 2-300 kb. pr. bilde. Det er meir enn nok. (Dersom du får problem med programmet kan du prøva å opna det i ein annan nettlesar. Eg må t.d. skifta frå Safari (eg har mac) til Chrome for å få lagra bildet på maskina mi).

13. Grafisk design

Canva.com: Enkel og gratis grafisk design for ikkje-designarar. Malar, bilde, bilderedigering etc. Enkel produksjon av Facebook toppbilde, Instagrampostar, eigenproduserte postkort, visittkort, brosjyrar, tja… Det meste egentlig.

Fiverr.com er eit godt tips dersom du har en logo, visittkort eller anna du gjerne vil ha designa men ikkje føler du får det til sjølv. Her er frilansarar over heile verda samla på ei side og tilbyr sine tenester til i mange tilfelle ein svært billig penge.

14. 5 tips til gratis bildebankar

Desse kan du henta bilde til kommersielle formål frå utan ein gong å kreditera fotograf! Her er det fotografar som har bidrege, så send gjerne nokre takkekroner om du føler for det:

Er du på jakt etter gammaldagse bilde du har lov til å bruka, kan du sjekka ut New Old Stock: bilde frå offentlege arkiv som er fritt fram å bruka.

15. Spørjeundersøkingar

Surveymonkey har ein veldig bra gratisversjon til spørjeundersøkingar via epost… eller egentlig all innhenting av data frå mange personar på ein gong.

TripAdvisor har også mulighet for å kjøra ei lita spørjeundersøking ut mot folk som har budd hos deg. Denne vil ikkje verta publisert nokon stad, og resultatet vil heller ikkje påverka stjernerangeringa.

 

16. CRM: hald styr på kundane dine

Hubspot CRM er gratis og heilt grei.

capsulecrm.com er billig, enkelt og bra. Gratis opp til 250 kontaktar. Kan integrerast med gmail.

Salesforce eitt av verdas mest populære CRM-system. Stort og avansert system som kanskje kan vera litt overveldande for ein del.

Husk på GDPR når du registrerer kundeopplysningar.

17. Timelister

Har du tilsette som skal skriva timelister og følgja med på vaktlister? Er du avhengig av å telja timar på ulike oppdrag?

www.planday.com er eit kjempenyttig verktøy som sparar arbeid med lønnskjøring og timelister. Her får du også høve til å kommunisera med dei tilsette via appen når det er endringar i vaktlista. Dei tilsette klokkar inn og ut av arbeidsplassen slik at du har den lovpålagte registreringa av kven som til ei kvar tid er på jobb. Prisen på 500 kroner pr. månad og 40 kroner pr. tilsett blir fort tent innatt i innspart administrasjon.

www.tidsbanken.no  er eit norsk verktøy som tilbyr stor grad av skreddarsaum til ein fornuftig pris. Fleksible med store rabattar å få dersom du har ei sesongbedrift som berre treng systemet i sommarmånadane.

«Ring en venn»: Få direkte hjelp når du treng det

Om du treng mi hjelp berre litt innimellom kan eg laga eit prosjekt på bedrifta di og registrera jobben som er gjort etterkvart og samla opp til ein faktura i ny og ne som det passar.

Ta kontakt om du vil ha litt hjelp til småtteri innimellom når du står fast.

18. Ikkje sit åleine

Hjelp kvarandre så blir vi alle flinkare! 🙂 Eg prøver alltid å dela min kunnskap så godt eg kan, og opplever at andre er like rause tilbake. Det har eg hatt stor glede og nytte av! Eit par konkrete tips:

Lag nettverk

Nokre stader har ein laga seg Facebookgrupper der ein hjelper kvarandre, andre stader møtest ein fysisk der alle kan sitja i lag og jobba med sine eigne ting. Fordelen med dette er at då får ein sett av tid til denne jobben, og ein har folk rundt seg som kan hjelpa kvarandre om ein står fast eller ikkje har fått med seg spennande nye ting. Avtal t.d. å møtast ein fast stad første tysdag i månaden med gode kolleger i bransjen, så renn det ikkje så fort ut i sanden.

Kan eg hjelpa deg?

Eg kan også hjelpa deg der du er med det du treng hjelp til via Skype eller eit kurs i merkevarebygging, marknadsføring og salg på nett. Dersom det er noko eg veit andre er flinkare til enn meg vil eg tipsa om kven du heller bør snakka med.

Ta kontakt for kurs i ditt område, direkte sparring / rådgjeving, inspirasjon og tips til oppstartsfasen eller vidareutvikling av bedrifta di!

Del gjerne!
Comodo SSL