Velkommen, kjære Eineståande gjest!

Ut på tur, aldri sur – åleine. Korleis behandlar norske reiselivsbedrifter folk som reiser åleine – og korleis kan vi få konkurransefortrinn?

Når livet av og til tek ein sving som ein ikkje hadde planlagt, står ein plutseleg att åleine og får høve til å gjera nye, nyttige erfaringar. For min del vart fagpersonen i meg trigga av opplevinga av å plutseleg skulla reisa åleine på ferietur: kva reiseopplevingar gjev vi som reiselivsbedrifter dei som reiser åleine?

Eg har her prøvd å oppsummera eigne og andre sine erfaringar både framfor og bak disken, samt gjera eit forsøk på å koma med nokre løysingar til slutt:

 

Sympati med gjesten: vi lagar barnekrok!

Vi som reiselivsbedrifter har i alle år vore flinke til å retta oss mot ein del gjestegrupper som barnefamiliar med små barn, store barn, vennegrupper på heisatur, pensjonistar og mange fleire. På den måten har vi både blitt flinke til å ta oss av dei når dei er hos oss, og fått idéar til å skapa nye produkt eller konkurransefortrinn etter å ha lært om behova deira.

Vi har sett slitne småbarnsforeldre som også treng eit avbrekk og har gjort ulike krumspring med leikeplassar, teiknesaker, barnestolar, barnesenger osv. for at alle skal ha det bra. Eller som ein hotellsjef sa til meg ein gong: «Vi viser film i barnekroken mellom kl 17 og 18 slik at mor og far kan få seg eit nummer!». Det enkle er som kjent ofte det beste.

 

Ut på tur, aldri sur – åleine

No slår det meg at det er ei gruppe som har gått fullstendig under behovsradaren vår: dei som reiser åleine. Nokre vil gjerne møta ein ny livsvenn og er klar for dating eller sjekking. Dei fekk eit fint, litt humoristisk tilbod for nokre år sidan då Turistforeningen lanserte fargekode på huer i fjellet: raud= oppteken, grøn= single, gul= «it´s complicated».

Men her er ei stor gruppe som er lukkelege åleine, som ikkje er interessert i å gå med slike merkelappar på seg. Dei føretrekk rett og slett å reisa åleine –  eller så har dei av ein eller annan grunn ikkje nokon dei ønskjer å reisa i lag med.

Det er i utgangspunktet ingen problem å reisa på tur åleine. Det er heller ikkje noko problem å bu på hotell åleine, bortsett frå at du blir diskriminert i forhold til par på prisen du må betala for overnatting. I beste fall får du enkeltromstillegg, i verste fall må du betala for eit dobbeltrom. Fred og ro utanfor allfarveg i eit feriehus kan du gløyma, då må du betala for 10. Du står altså igjen med eit kraftig redusert tilbod i forhold til par og familiar/grupper – til ein dyrare pris.

Det er ingen problem å vera med på dei fleste aktivitetar åleine. Konsertar, teater, kino, guida turar, fjellturar, sykkelturar osv. er like fine opplevingar uansett kor mange ein er. Det som først og fremst er eit problem i forhold til mentale barrierar, til å generelt ha ei fin oppleving på turen, heng som regel saman med middag og uteliv på kvelden.

 

Lammebiff in da house

Kvinne åleine på barNår ein blir åleine ser ein fort kva ein ikkje er vant til, kva som må lærast, kva mentale barrierar som må kryssast. Det første ein lærer, spesielt vi kvinner, er at om ein går åleine inn på ein bar har ein eit usynleg skilt i panna som – alt etter kroppsspråk og klesdrakt – seier noko i retning av «lammebiff søker ulv».

Det går ikkje mange sekundane frå det første kalde glaset treff bardisken til førstemann er ute med «jaså, du er her åleine, du då?» Å fikla med telefonen eller koma med ei halvkvalt vise om at ein ventar på nokon blir kjapt avslørt – med mindre du har adskillig tøffare pokerfjes enn meg.

Lærdom? Å gå på bar er no dessverre berre for dei andre, dersom ein ikkje først har undersøkt nøye kor det er kjekt å gå om ein er åleine, og kva tidspunkt eg bør koma for å ha størst sjanse til å «blend in» utan større merksemd rundt eigen person.

 

Stor skilnad på yrkesreiser og ferie- og fritid

Å reisa åleine på yrkesreise er normalt, å reisa åleine på ferie er det ikkje. Frukost på byhotell i vekedagane går fint, middag om kvelden i ein småby eller på bygda i ferien er det ikkje.

Ein er aldri så synleg når ein er åleine på tur som i ein restaurant. I motsetnad til i ein bar, der ein kan hengja ved bardisken, får ein her tildelt bord og kan ikkje lata som ein kjenner nokon ein annan stad i lokalet. Kvar festar ein blikket? Ikkje på dei andre, ikkje i taket, dei fleste av oss blir redda av å sitja med fokus på telefonen. Dei andre, derimot, har gjerne stor glede av å betrakta den einslege sjela som sit lenger borte i restauranten. Nokre få forbarmar seg over dei og inviterer over til sitt bord, noko som ikkje alltid er like kjekt. Om ein ønskjer å snakka med andre må ein imidlertid takka ja: det hjelper ikkje at borda står tett inntil kvarandre, dersom det ikkje er eitt bord får ein gjerne heller ikkje til ein samtale.

Som åleinereisande endar ein som regel opp med å eta opp maten og koma seg derifrå så fort ein kan – etter å ha hatt ei dårlegare oppleving enn dei andre som sit rundt. Dersom ein tør å nærma seg restauranten i det heile.

 

Vi har gløymt ei stor gruppe!

Ein kjapp tur innom SSB viser at 38% av norske hushaldningar er åleinebuande (ca. 17% av befolkninga). I tillegg kjem mange slitne mammaer og pappaer som treng eit avbrekk frå kvardagsmaset. Då er det ikkje sikkert ein er heilt i form til champagnehelger med venninner eller fotballtur med pub til pub- runde med kompisane. Litt fred, ro og velvære åleine er gjerne det som skal til: få sova til ein vaknar i ei god seng og få ein god frukost som nokon andre har laga til for deg.

Å reisa åleine er så lite tilrettelagt og slitsamt at dei fleste av oss vil enten ta med ein av ungane eller ei venninne, men då er det plutseleg to kabalar som skal gå i hop for å få det til – og det kan fort detta i fisk. Det er også ein del som har pengar til å reisa for men som kjenner seg reelt einsame. Dei HAR rett og slett ingen å reisa med. Då er det kanskje like lett å bli heime.

Dette betyr at vi har eit marknadspotensiale berre i Norge på totalt sett over 1000 000 menneske som vi i stor grad har gløymt å tilpassa oss til. Her er det sjølvsagt ein del t.d. eldre som vil kvi seg for å reisa på tur åleine uansett, men det anar meg at vi har sove i timen i høve til å tilretteleggja skikkeleg for ei stor gruppe som kunne ha reist langt oftare enn dei gjer.

 

«Reiser alene» i gjesteundersøkingar

Eg har over ein 10-årsperiode vore med og gjennomført gjesteundersøkingar over heile landet med Kaizen AS. Denne gruppa utgjer stort sett godt under 10% respondentane overalt. Byar som t.d. Bergen har gjerne litt meir, 15% i 2007, medan når ein kjem ut på bygda som t.d. Hardanger kan ein koma heilt ned i 2-3%. Nordhordland og Sunnhordland rundt 4%, Hallingdal hadde 4%, Rjukan 2,6% osv. Mønsteret er ikkje å ta feil av. Enten har vi ei alvorleg metodesvakheit der denne gruppa har blitt underrepresentert i samtlige gjesteundersøkingar – eller så er vi veldig dårlege til å få denne gruppa ut på ferietur i Norge.

Reisefølget «reiser alene» har heller aldri vore brukt til noko spesielt fornuftig i analysane, rett og slett fordi vi ærleg talt ikkje har spurt denne gruppa om det som er mest fornuftig å spørja om. Vi har ikkje skjønt at det var noko spesielt med denne gruppa fordi det aldri dukka opp spesiell atferd i høve til deltaking på aktivitetar i statistikken. Grunnen er jo at aktivitetar går heilt fint å vera med på åleine.

Vi har derimot aldri spurt om «korleis opplever du middagen på kvelden», «korleis opplever du å gå ut etter middagen?», «når kjenner du deg utrygg?» etc. Det innser eg no at vi burde ha gjort.

 

Kvinner kjenner seg sårbare

Ein ørliten intervjurunde med kvinner som har reist ein del åleine viser at det framfor alt er kjensla av å vera sårbar som gjer at ein enten ikkje reiser i det heile eller er ekstra påpasseleg med kva situasjonar ein går inn i.

Ein respondent i 60-åra gjev uttrykk for at ho kvir seg for å reisa åleine i det heile fordi det har blitt så mykje ein må ordna på eiga hand, sjølv når ein reiser med turoperatør. Alt frå innsjekking av bagasje og å finna fram på flyplassar til å orientera seg når ein kjem fram på hotellet. Det er også frykt for å bli identifisert som åleinereisande på destinasjonen og risikera alt frå uønska merksemd ute til innbrot på rommet som gjer at ein kvir seg. Summen gjer at ein heller blir heime.

Ein respondent i 40-åra gjev uttrykk for at det meste går greit utanom kveldane. Frukost er ingen problem og til lunsj kan ein enten setja seg på ein fortauskafé med ei bok eller bare kjøpa med seg noko og setja seg på stranda eller ein annan stad utandørs. Det er kvelden som er kjip. «Å eta middag åleine på restaurant gjer eg bare ikkje, så modig er eg ikkje!» Dersom ho kan, bestiller ho overnattingsstad med kjøkkenkrok der ho kan laga seg mat sjølv. «Ellers et eg berre ein pose chips til middag på rommet.» Dette er jo ei trist melding – og svært dårleg butikk for oss reiselivsbedrifter!

Ho gjev uttrykk for at det kan vera greit å gå på bar åleine dersom bartenderen er merksam på ho og er med på ein samtale med ho som sit der åleine. Då får ein automatisk også litt vern mot uønska merksemd. Ellers er det fort at ein blir peila ut av folk som er «på sjekkaren» og blir sugd inn i ubehagelege samtalar. Ei aktuell løysing på «problemet» er å gjera seg fullstendig om til A-menneske i ferien. Når andre går ut for å kosa seg går ho og legg seg, og står heller tidleg opp for å gå ein fin tur o.l. i fred.

Å gå på kino, teater, konsertar osv. er ingen problem, men respondenten i 40-åra gjev uttrykk for at for ho er det avgjerande at det er arrangement med enkeltsitjeplassar. Dersom det er bordplassering eller ståplassar på alt frå fotballkamp til rockekonsert er ein meir synleg, sårbar og åleine enn om ein har sin eigen stol i ei rekkje av stolar.

Ein respondent i 50-åra gjev uttrykk for at ho ikkje føler seg komfortabel med å reisa åleine i det heile, og i staden allierer seg med ein av ungane eller ei venninne.

Menn gjev uttrykk for alle dei same behova som «eineståande» reisande som kvinner bortsett frå at dei ikkje kjenner seg fullt så sårbare og utrygge som kvinner.

 

Erfaringar frå Baroniet Rosendal

Storakjøkenet på Baroniet Rosendal AvlsgårdNår ein møter seg sjølv i døra er det berre ein ting å gjera: helsa fint på kjensfolk. Kva har «Deltidsbaronessa» sjølv gjort på Baroniet Rosendal for å ta vare på denne gruppa hos oss? Ingenting. Eller: ein heil del, viser det seg når eg går oss sjølv nærare etter i saumane, men dette er basert på rein flaks og praktiske omsyn og prioriteringar hos oss.

Vi har t.d. store, upraktiske, men autentiske og fine gamle trebord i Storakjøkenet på Avlsgården som vi er nøydde til å setja fleire i lag rundt for å utnytta kapasiteten. Vi har på grunn av begrensa kapasitet løyst dette med bordbestilling, og fordeler gjestene best mogeleg ved hjelp av bordkort rundt i Storakjøkenet. Det same gjer vi i Gamlakjøkenet og Havestuen. Her er alt anna enn standard restaurantinnreiing, og dette er også ein viktig del av opplevinga. Det at alle gjestene blir plassert i lag rundt store bord på denne måten gjer dessutan at ingen synest den andre er ufin som set seg ved det same bordet. Vi får tvert i mot tilbakemeldingar på at folk synest det er for langt bort til dei neste om vi har for stor avstand mellom gjestene ved langborda. Dei får jo ikkje preika skikkeleg i lag då!

Middagen er til eit fast tidspunkt, ofte kl. 19 dersom det ikkje er arrangement, dette gjer at alle kjem samtidig og ingen vert «glodd» på når dei kjem åleine inn i restauranten. Vi har også ein god, dagens 3-rettars middag som er felles for alle gjestene, ingen à la carte. Då kan kokkane også velja ut ein vinpakke som passar til. For gjestene våre betyr det også at dei får ein fin «icebreaker» rundt bordet ved at ein kan snakka om maten og vinen.

Vi har også svært mange arrangement i løpet av sommaren, alle med sitjeplassar på stolar på rekker. Ideelt for «eineståande gjester» altså, om vi berre hadde visst å utnytta det i marknadsføringa.

 

Den grøne «Skravlekoppen»

skravlekoppen.noPå utvalde caféar kan ein no velja å få den varme drikka servert i ein grøn kopp som det står «Skravlekopp« på. Denne signaliserer rett og slett berre at du ikkje har noko i mot å slå av ein prat med andre medan du drikk den. Om du treng nokon å snakka med sjølv eller ikkje har noko i mot å tilby andre som treng det ein god prat er uvesentleg. Ein enkelt, men flott tiltak mot at folk skal sitja ufrivillig åleine. Målet deira er å få spreidd konseptet til heile landet og slik bekjempa einsemd på landsbasis.

Kanskje dette kan vera ein lågterskel stad å starta for ein del reiselivsbedrifter? Alt som skal til er å bestilla inn nokre koppar hos dei, så er ein i gang. I tillegg til å bidra til færre einsame menneske i landet kan ein kanskje oppnå å verta «den» staden ein går for å sjå folk sidan mange tør å gå dit. Slikt kan det fort bli pengar av.

 

Dyr som selskap og «icebreaker»

Kattecafé i London.Triks nr. 1 om ein vil koma i prat med folk når ein går tur, er jo å gå tur med ein hund. Då treffer ein fort andre som også har hund slik at praten begynnar å gå «dei må jo få helsa på kvarandre, så fin din hund var, er det ei jente?» – eller som digger hundar som stoppar og vil klappa den. På same måte kan dyr fungera som «icebreaker» om ein sit på café. Eller koseleg selskap, noko ein kan ha fokus på, om ein kjem åleine.

Lady Dinah´s Cat Emporium i London har dei online booking av ulike produkt som omfattar kattar, frå «entry, cats and a cuppa» for ein hundrings til «one of London’s most quirky afternoon tea experiences: High Tea with cats».

Her er ein ikkje åleine, og fokus hos gjestene er ikkje å studera kvarandre, men kattane. Dette er god business: her må ein vera ute i god tid, for det er fullbooka og ventelister for å få bord.

 

Felles opphaldsrom eller TV-stove

Eg har også fått tips om at ei TV-stove kan fungera fint som ei avslappingssone der ein kan vera «åleine i lag» med ei god bok, sjå nyheiter o.l. Her vil gjester fort koma i kontakt med kvarandre og diskutera t.d. det ein ser på fjernsynet, og ein får ein heimekoseleg atmosfære. «Det går berre ei lita stund før dei går til TV-stova i slåbroken» var det ein pensjonateigar som sa.

 

Lærdom: ha empati med gjesten!

«Nyare forsking» frå «Rosendal, Bergen og rondtforbi» viser altså at vi reiselivsbedrifter gjerne kan vurdera ein del idéar i høve til denne gruppa:

  • * Vurdera å kutta enkeltromstillegg og heller fordela kostnadane jevnt pr. person i enkelt- og dobbeltrom slik at ein unngår diskriminering av eineståande gjester. Der det er kjøkenkrok tilgjengeleg bør ein vurdera å prioritera dei som reiser åleine slik at dei har høve til å laga seg middag på kvelden sjølv dersom dei kjenner ubehag ved å eta middag åleine med dei andre.
  • * Tenkja «arrangement» i staden for «restaurant»: servera middag til eit fast tidspunkt med ein fast meny. Då kan ein også plassera (ein del) folk ved langbord i ein del tilfelle slik at ingen sit åleine. Felles introduksjon til staden, historieforteljing eller andre innslag som dreg fokus bort frå kvarandre og sveiser saman rommet til ei «gruppe» heller enn «enkeltgjester». Berre å få kokken ut for å fortelja om menyen kan gjera ein stor skilnad.
  • * Kartleggja litt dei som ein ser på lista at reiser åleine ved ankomst: undersøkja kva dei har lyst til, signalisera at ein har tenkt på kva som er ubehageleg for dei og foreslå ei god løysing. Gjerne koma med anbefalingar om kva som er kjekt å gjera i området etter middagen: kvar bør ein gå og når er det best å dukka opp? T.d. «Det er fint å gå på Biblioteket bar, om du dukkar opp etter at DJ´en er i gang rundt kl 24 er det lettare å «blend in». Skal vi bestilla taxi bort dit til deg?»
  • * Læra opp personalet til å ta ekstra godt vare på dei som sit åleine: servitørar kan plassere dei nært kjøkenet og slå av ein ørliten prat når dei går forbi, bartenderen kan halda ein samtale i gang innimellom salget, t.d. ved å oppfordra gjesten til å setja seg ved tappekranen som er mest i bruk eller kasseapparatet. Ha eit ekstra fokus på å trygga kvinner som reiser åleine her: dei kjenner seg langt meir sårbare enn menn.
  • * Ha fokus på små, enkle ting som kan gjera det enklare å få fokus bort frå dei stakkarane som sit åleine. Bordplassering, dyr, ein kultur for at alle snakkar med alle med t.d. ein «skravlekopp», eller andre former for «icebreakers». Om ein slepp den kreative empatien laus kan ein fort finna eit konkurransefortrinn bak neste sving.
  • * Ha eit opphaldsrom med gode stolar, gjerne med eit «fokuspunkt» som peis, TV el.l.
  • * Ha eigne arrangement der dei som reiser åleine føler seg ekstra velkomne, yogahelgar, show-helgar, festivalar og andre aktivitetar der ein kan ha det kjekt i lag med andre åleine utan at ein har fokus på «dating». Folk har Tinder på telefonen i ferien også, det er ikkje noko vi reiselivsbedrifter treng ha fokus på.
  • * Visa på heimesida at de har eit tilbod spesielt retta til dei som reiser åleine. Sei kva det inneber og lag ei felles forståing for kva det inneber for dei som kjem, som t.d. «Er du lei av sjekking?» eller «Treng du ein pustepause med litt luksus berre for deg sjølv?» «Velkommen til ei avslappende åleinehelg hos oss.»

Eg vil i allefall prøva å ta tak i dette framover hos oss: på Baroniet Rosendal er enkeltromma normalt sett dei siste romma som blir utselde, så dette er ein rein ekstragevinst. Dette er vi garantert ikkje åleine om. No skal enkeltromma bli attraktive i seg sjølve for ei gruppe som ikkje har fått reist så mykje før.

Dei bedriftene som er på kurs med meg framover må også vera innstilte på å høyra meir om produktutvikling med tanke på online booking og marknadsføring i sosiale medier basert på empati med ulike gjestegrupper – også dei som reiser åleine. Eg håpar og trur eg får fleire reiselivsbedrifter med på laget, for det burde vera meir enn nok gjester å ta av til oss alle om vi får ein større del av denne gruppa til å våga reisa meir på tur åleine.

Del gjerne!