Tripadvisortips

Hadde du tenkt at du skulle fiksa den der Tripadvisor seinare? Verdens største reisenettside ligg der gratis og veldig lett tilgjengeleg for di bedrift. Det er berre ein liten 10-minuttars jobb som skal til. Ja, det er mange ting ein kan gjera for å byggja opp ei reiselivsbedrift på nett, men du kjem ikkje utanom denne. Det er berre å setja i gang, jo før jo heller.

Her har eg lista opp dei 4 viktigaste, gratis tinga du kan gjera sjølv i ein fei:

 

1. Sjekk om bedrifta di er på Tripadvisor

Turistar kan leggja ut bedrifter sjølve, så det første du bør gjera er å sjekka om nokon har gjort det for deg med di bedrift. Her kan du sjekka om bedrifta di er oppført frå før (ja: det er mange som er lagt ut av andre utan å vita det!)

Tripadvisorkurs for reiselivsbedrifter - oppføring med flere bedrifter

Begynn å skriva bedriftsnavnet i feltet «Search for Your Business», eller opna appen og søk på «i nærheten».

Dersom bedrifta di dukkar opp kan du klikka på Claim your business (Gjør krav på forretningen din) og få kontroll på den som ligg der frå før. Då får du tak i og håndtert det som ligg av gamle anmeldelsar og oppdatert informasjon og bilde som ligg ute. Det er også det lettvintaste, då slepp du laga ei oppføring.

Dersom bedrifta di ikkje dukkar opp kan du klikka på linken under søkefeltet: get listed now.

 

2. Lag ei oppføring for kvar avdeling i bedrifta

Alle avdelingar som kan besøkjast uavhengig av dei andre bør ha si eiga oppføring. Eit hotell bør stå med ei oppføring for overnatting og ei under restaurant dersom restauranten er open for alle. Eit museum bør ha ei oppføring for museet og ei for caféen dersom denne er open for alle og eit godt alternativ for folk i området som berre vil gå på café.

Sørg for å fylla ut all relevant informasjon: opningstider, ca typisk prisnivå, type mat (skandinavisk, asiatisk…), type (lunsj, middag…), mange gode bilde, og ikkje minst alt av kontaktinformasjon.

Eksempel frå Baroniet Rosendal: Ein treng ikkje gå på omvising for å ta seg ein lunsj i hagecaféen på Rosendal, og det er viktig at folk som står nede i sentrum får hagecaféen opp som nr. 1 i lista over «restauranter i nærheten». Ein vil også ha oversikt over «ting å gjøre» i Rosendal, så museet på ha si oppføring. Ein vil dessutan vera med på oversikta over hotell og B&B i Rosendal, så den må få si oppføring. I tillegg har Baroniet Rosendal ansvaret for guida omvisingar i Kvinnherad kyrkje, så den har fått si eiga oppføring. Resultatet er at Baroniet Rosendal har oppfølging av totalt 4 oppføringar på Tripadvisor.

 

3. Bruk widgets til å gjera kikkarar til kjøparar

Når du har fått ei oppføring som du har kontroll på kan du gå inn i administrasjonspanelet: menypunktet «gratis verktøy» og «widgeter for nettstedet ditt» byr på mange ulike versjonar. Dersom du ikkje får opp førehandsvisning må du byta nettlesar, t.d. Safari på mac er ikkje så god, Chrome er betre).

3 hovudtypar widgets:

  • Visa kvalitet: velg helst fortreffelighetsbevis eller Bravo-widget.
  • Visa omtalar: velg helst  di vurdering (med bobler) eller utdrag av omtalar
  • Samla inn nye omtalar

Prøv å støtta opp om kjøpsprosessen med at du let andre gå god for deg.

 

4. Tenk heile destinasjonen under eitt

Ver turist på ditt eige reisemål og legg ut alt som du vil anbefala andre! Gå gjerne i lag med andre bedrifter i området og del ting å gjera på mellom dykk for å sørga for at alt som er interessant i ditt område er oppført på Tripadvisor. Om du driv ei overnattingsbedrift er bedrifta di dessverre berre eit «nødvendig onde», og du er avhengig av at potensielle gjester ser at det er mykje å sjå og finna på i ditt område. Ta på deg turistbrillene og legg ut dine tips som turist i eigen region til andre reisande!

 

Få kurs i Tripadvisor til ditt område

Ta kontakt så kan eg organisera eit kurs i ditt område. Les meir om kurset her.

Del gjerne!