Personvern

Mi nettadresse er: https://lovfall.com

Personopplysningar eg samlar inn og kvifor

Eg samlar inn svært lite personopplysningar, unntaket er at eg må ha epostadresse, navn, firmanavn og organisasjonsnummer for å kunna senda deg lovleg faktura dersom eg skal levera konsulenttenester til deg.

Eg har også eit kontaktskjema for å gjera det lettvint for deg å senda meg ei melding. Her brukar eg denne epostadressa kun til å kommunisera om det du måtte lura på eller ønskja tilbakemelding på. Dersom du vil at eg skal sletta kommunikasjonen med deg når vi er i mål med det du ville er det bare å gje beskjed til linda@lovfall.com.

Dersom du ønskjer generelle tips og nyheiter på epost ut over det som kontaktskjemaet handla om, må du altså spesifikt melda deg på lista nederst på sida eller her:

Informasjonskapslar

Eg har installert Facebook pixel og Google analytics på nettsida mi, ellers er det ikkje noko som registrerer trafikken din på nettsida mi. Her er heller ingen innlogging spesifikt for deg.

Innebygd innhald frå andre nettstader

Dersom eg legg inn innhald frå andre stader som t.d. YouTube vil innhaldet oppføra seg på same måte som om du var på nettsida der innhaldet kjem frå.

Desse nettstadane kan samla inn opplysningar om deg, bruka informasjonskapslar eller byggja inn sporingssystem frå ein tredjepart og overvaka kva du gjer via dette innebygde innhaldet. Dette omfattar også sporing av handlingane dine via det innebygde innhaldet dersom du har ein konto og er logga inn på nettstaden.

Kven eg deler dine opplysingar med

Eg brukar Vista eAccounting rekneskapsprogram, og for å kunna senda ut lovlege fakturaer frå firmaet mitt må eg leggja inn din fakturainformasjon der. Her kan du lesa Visma si personvernerklæring.

Kor lenge eg oppbevarer din informasjon

Eg føl norsk lov i høve til kjøpsinformasjon i rekneskapsprogrammet. Dersom du sender meg ei melding vert den liggjande i arkivet til du evt. ber meg om å sletta den, eller til eg med ujamne mellomrom foretar ei rydding i arkivet.

Dine rettigheiter

Dine personopplysningar kan slettast om du vil med unntak av opplysningar eg er pålagt å lagra av administrative, juridiske eller sikkerheitsmessige årsaker. I stor grad vil dette gjelda fakturaopplysningar.

Kvar dine opplysningar vert lagra

Eg brukar ProIsp i Sandnes til nettsida, og kontaktskjema ligg lagra på deira server. I tillegg brukar eg mailchimp, slik at di epostadresse ligg i listene der dersom du har meldt deg på nyheitsoppdateringa mi.

Dine personopplysninger er trygge hos meg

Eg har installert tofaktor-autentisering i Mailchimp for å sikra epostadressa di best mogeleg.

Min kontaktinformasjon

Dersom du har spørsmål kan du kontakta meg, Linda Løvfall på telefon 99 31 51 95 eller linda@lovfall.com

Del gjerne!
Comodo SSL