Digital forbedring

Å jobba smart med digital forbetring krever ein stor verktøykasse med både brei praktisk bransjekompetanse og ulike typar fagkompetanse, som teknologi, marknadsføring og endringsleiing.

 

Digitalisering: valg av rett teknologi for di bedrift

Valg av rett teknologi heng tett saman med mange ulike faktorar som gjer di bedrift sine behov unike:

  • * Evaluera prosessane i bedrifta, kva er det du vil ha gjort? Kva problem vil du ha løysing på? Kva brukar du uforholdsmessig mykje ressursar på som kunne vore gjort enklare og billigare?
  • * Kven skal gjera det? Evaluera det digitale kompetansenivået til dei som skal bruka systemet. Kor ofte skal dei bruka systemet? Er det fast tilsette som kan læra seg meir avanserte system eller er det sesongtilsette som skal kunna hoppa inn og gjera ein god jobb med minimal opplæring? Er dei norsktalande eller er det stort innslag av ikkje-norsktalande brukarar? Etc.
  • * Kva er mest ressurskrevjande i dag? Kva oppgåver eller system har du mest og minst behov for at skal vera knytta saman? Kor er det størst risiko for økonomisk tap, misnøgde kundar, eller annan type skade for bedrifta?
  • * Kva funksjonar er mest avanserte og kravstore ift å håndtera mange ulike scenarier hos deg? Sagt på ein annan måte: skal du t.d. ha kasseapparat med billettfunksjonalitet, eller skal du ha billettsystem med POS/kassefunksjonalitet? Som regel må ein gje noko for å få noko anna. Har du omsetning nok kan du unngå dette ved å få integrasjon mellom mange ulike system som er spesialisert på kvar sine arbeidsoppgåver, eller begynnar det fort å kosta meir enn det smakar? Dette får konsekvensar for kva som er dei beste alternativa for di bedrift. Mange bedrifter må nøya seg med «det minst verste» blant dei rimelege systema, og då er det viktig å vita kva ein får og kva ein må løysa på annan måte.
  • * Døme på system der ulike leverandørar går over i kvarandre med ulike styrkar og svakheiter:
    • – Rombooking
    • – Aktivitetsbooking
    • – Utleie, kurs/konferanse
    • – Billettsystem
    •  – Bordbestilling
    • – Kassesystem
    • – Timeregistreringssystem («stemplingsur»)
    • – HMS-system
    • – Økonomisystem
    • – Kommunikasjonssystem (CRM, nyhetsbrev, posting til sosiale medier, chatbot, support-/e-postsystem etc.)

Å forstå behova i praksis for å finna rett kombinasjon av ulike system, og finna rutinar i bruken av dei for å unngå glipp krever god teknisk innsikt kombinert med djup bransjekompetanse. Å forstå både utviklar og driftsansvarlig sine perspektiv og måtar å tenkja på er ein stor fordel i ein digitaliseringsprosess.

 

Kommunikasjon på nett

Dette er eit felt som «alle» kan ein del om, men der vi alle blir like stoveblinde, uansett kor kompetent du er. Å få nokon utanforståande til å ta ein gennomgang med friske auger kan vera veldig nyttig. Spesielt når ein har både stor generell IT- og kommunikasjonskompetanse og brei domenekompetanse, altså kompetanse på din bransje. Her er det viktige element som f.eks.:

  • * Tekst og bilde for bedrifta: har vi rett fokus i teksten og gode nok bilde? Kva seier bilda og tekstane til målgruppene?
  • * Treffer vi målgruppene våre med språket og orda? Stemning og tone i teksten som appellerer til dine målgrupper er viktig.
  • * SEO: er vi synlege på nett? Mange små tiltak må til samtidig for å koma øverst i Google.
  • * Call to action: tar du tak i kundane når dei er på sitt mest entusiastiske?
  • * Støttar du opp om reisa fram mot kjøp med å la brukarevalueringar bekrefta det gode valget?

Her er det to tilnærmingsmåtar: brukartesting med 5-7 typiske brukarar, eller eksperttesting med ein ekspert på teknisk løysing, søkemotoroptimalisering, kommunikasjon, bilde/bideo,

Apropos Call to action: ta kontakt om du treng hjelp til nytt blikk på kommunikasjonen din på nett.

 

Omdømmebygging på nett

Brukarevalueringar er god og effektiv kommunikasjon til potensielle gjester, men det må håndterast på ein god måte for å vera effektivt.

  • * Korleis svarar du på ein god måte på anmeldelsar?
  • * Korleis håndterer du misfornøyde gjester på nett?
  • *Korleis påverkar du folk til å skriva positivt om deg på nett, enten det er TripAdvisor, Google eller Facebook?
  • * Korleis utnyttar du oppføringa di best mogeleg uansett kanal?
  • * Korleis får du heile området ditt med på laget?

Her er det også ein stor fordel med djup bransjeerfaring for å kunna dra nytte av kva som virkar og ikkje.

Her har eg heildagskurs i både TripAdvisor og Google Bedriftsprofil som hjelper deg.

 

Analyseverktøy

For å kunna legga ein god strategi for bedrifta og området ditt er du avhengig av å vita kor du står i dag og kva mogelegheiter som kan utnyttast. For å vita om du har kome til måla du har sett deg må du vita kor du starta. Her er det mange ulike undersøkingar som kan hjelpa på vegen:

  • * Kvalitetsmåling med fokus på subjektiv kvalitet og viktigheit: er vi gode på det som er viktig for gjestene våre, kastar vi bort ressursar på uviktige ting for gjestene våre, eller føl vi ikkje med i timen når gjestebehov endrar seg? Dette er eit godt kunnskapsgrunnlag til arbeidet med kontinuerleg forbetring: det gjer deg i stand til å spara pengar der du ikkje har noko igjen for det, og investera i forbetring av det som faktisk er viktig for kundane dine.
  • * Gjesteundersøking: kva kjenneteiknar gjestene våre, kva likar dei, korleis fekk dei høyra om oss, og kva reisemotiv har dei? Dette er eit godt kunnskapsgrunnlag for å staka ut kursen vidare for bedrifta og området, få til god produktutvikling og marknadsføring.
  • * Marknadsundersøking: kva potensiale har bedrifta di og området ditt? Kva vil kundane dine ha, og kva alternativ har dei? Kva leverer konkurrentane dine? Dette er eit godt kunnskapsgrunnlag til å bestemma kva posisjon ein skal ta: kva ein skal vera og for kven.

 

Strategi

Ein god strategi er eit nødvendig verktøy for å halda oss på den kursen Styre og dagleg leiar har blitt enige om at vi skal ha i det daglege. Visjonen er ledestjerna vår som hjelper å halda fokus i rett retning. Har du ein god visjon? Sjekk kor mange i bedrifta som kan den. Det sikraste teiknet på at den ikkje fungerer som den skal er at ingen kan den. Har du ein god misjon? Den sikrar at du har fokuset på sjølve formålet med bedrifta.

Å laga ein digital strategi, KI-strategi, innføra nye teknologiske løysingar og programvare i bedrifta krever ei djup forståing for situasjonen som gjer di bedrift unik: forretningsprosessar, produktet ditt, driftsomfang, bedritsstruktur, kundane dine, konkurrentane dine, kompetansenivået på alle nivå i bedrifta, sesongvariasjonar og mykje meir. Det som er rett for ei bedrift passar ikkje for ei anna. Det er det som gjer det så spennande å jobba med!

IT og KI-strategi

I tillegg til den tradisjonelle forretningsstrategien får ein no behov for å spesifisera meir IT og KI-strategiar. Ein IT og KI-strategi for bedrifta vil ta opp i seg korleis ein kan bruka KI til å få konkurransefortrinn. Ein god teknologistrategi sikrar at bedrifta utnyttar KI-teknologi på en måte som støttar opp om dei overordna forretningsmåla, samtidig som ein håndterer teknologiske, etiske og regulatoriske utfordringar.

Kompetanseutvikling og rekruttering er eit kritisk punkt i denne strategien, og eit punkt som vil visa seg i form av eit digitalt skille i samfunnet framover. Du blir ikkje erstatta av ein robot, du blir erstatta av eit menneske som kan håndtera teknologien. Bedrifta di må i stadig større grad tilby kompetanseheving og rekruttera strategisk viktig kompetanse for å overleva.

Er du litt overvelda over alt som skjer og lurer på kva du skal ta tak i først? Kompetanseheving for folka dine og å orientera deg om korleis du kan jobba framoverlent med produktivitet/ effektivitet og kommunikasjon/formidling er ein god plass å starta.

Lyst å leika deg litt med generativ KI for å læra? Her er ei kjekk oppgåve som tar deg igjennom fleire generativ KI-verktøy på ein gong:

Slik får du til KI-animasjon på 1-2-3

 

Styrekompetanse

Eit godt samansett Styre med kompetente styremedlemmer er dei billigaste konsulentane du kan ha, og det har aldri vore viktigare enn no å ha teknologikompetanse i Styret for å bistå i strategidiskusjonane. Kombinasjonen av domenekompetanse, strategikompetanse og teknologikompetanse gjer bedrifta di betre i stand til å velja ein fornuftig kurs mot framtida.

 

Kontakt

Linda Løvfall, linda@lovfall.com, tlf. 99 31 51 95

 

Del gjerne!
Comodo SSL