Etter mange år nest øverst i ulike bedrifter har eg blitt god på digitalisering, forretningsutvikling, ledarstøtte og strategi. Erfaren kurshaldar i reiseliv og IT.
Prosjektleiing
Gjennomføring av ulike prosjekt har vore ein naturleg del av konsulentjobben sidan 2006. Frå reisemålsutvikling og Geoturisme til sykkelturisme i Norge. Innkjøpsprosessar av programvare og nye nettsider for ulike bedrifter. Spennet er stort innan både reiseliv og IT.
Forretningsutvikling for reiselivsbedrifter
Etter å ha undervist reiselivsbedrifter i web og sosiale medier i over 8 år, med ca 1500 deltakarar, og utført analyse av mange hundre bedrifter sine nettsider og sosiale mediekanalar, har eg blitt dreven i å raskt sjå forbedringspotensial i kommunikasjon på nett. Statistikk, bildebruk, overskrifter, tekstar, brukarflyt, use cases, kjøpsdialog med call to action og online booking. Alt heng saman på fundamentet kva ein skal vera, for kven, og med kva konkurransestrategi.
Online merkevarebygging – kurs
Eg har utvikla kurs i både TripAdvisor og Google Business basert på lang erfaring. Her går ein ikkje bare igjennom dei ulike mogelegheitene i verktøya, men også kva som erfaringsmessig er mest effektivt. Her er det mange kursdeltakarar som har fått skikkelege aha-opplevingar!
Analyser
Gjesteundersøkingar, markedsundersøkingar, imageundersøkingar, kvalitetsmålingar, brukartesting, og mykje meir gjer at eg har blitt god på statistisk metode, datainnsamling, databearbeiding og analyse. Er det noko vi treng meir kunnskap om finst det alltid ein metode for å få gode svar.
Ledarstøtte og strategi
Etter mange år på nest øverste nivå i ulike bedrifter har eg fått driva mykje med ledarstøtte, digitaliseringsprosessar, forretningsutvikling og strategi. Å henta ned ballar frå lufta og realisera prosjekta, og delta aktivt i strategiarbeidet har vore ein naturleg del av alle stillingane. Eg har for det meste vore teknologen og analytikaren i bedrifta. No har eg bygd på denne kompetansen med oppgradering av kompetanse innan kunstig intelligens og implikasjonane det får for forretningsstrategien.
Last ned kort CV for Linda Løvfall
Erfaring og referansar
2020- : Bymuseet i Begen. Seniorrådgjevar IT og reiseliv. Strategi, digitalisering, forretningsutvikling og innkjøpsprosessar. Markedsføring og salg på nett, webredaktør, reiseliv etc.
2016- : Løvfall digital forbedring. Forretningsutvikling, analyser, mulighetsstudie, bedriftsrådgivning. Egenproduserte kurs i TripAdvisor og Google Bedriftsprofil. Kursholder/digital rådgiver for Innovasjon Norges “Bli god på nett”. Daglig leder, Stiftelsen Sykkelturisme
2010-2018: «Bli god på nett» – kurshaldar på Innovasjon Norge sine kurs i web og sosiale medier for reiselivet. Sidan 2014 også eit vidaregåande kurs med fokus på strategi for web og sosiale medier samt litt meir avansert bruk og annonsering i sosiale medier.
2006 – 2015: Kaizen AS. Analyse og rådgjeving for reiselivsbedrifter med spesielt fokus på gjesteundersøkingar, marknadsundersøkingar, prosjektleiing. Web og marknadsansvarleg for Stiftelsen Sykkelturisme sidan 2007, blant anna ansvarleg for generell marknadsføring og nettsider basert på ei wordpressløysing for stiftinga.
Frå januar 2019 tok eg over som dagleg leiar i Stiftelsen Sykkelturisme.
10 års erfaring som konsulent i Kaizen AS har medført deltaking i ei rekkje konkrete prosjekt innan reisemålsutvikling, forretningsutvikling, web og sosiale medier for reiselivet, gjesteundersøkingar, marknadsundersøkingar, kultur og aktivitetar, sjå referansar her.
1990-1995 og 2004-2019: Baroniet Rosendal. 2004-2005: 60% prosjektstilling. Sidan 2006 fast tilsett som rådgjevar IKT og marknadsføring med ansvar for heimeside, sosiale medier, annonsering i tradisjonelle og sosiale medier, pakking og sal av opplevingar på Baroniet Rosendal. Laga websider sjølv for museet i 2004 frå grunnen av, og driftar no ei wordpressløysing for Baroniet Rosendal der vi sel alt av billettar til konsertar, teater, foredrag samt ein god del pakkar med omvising, lunsj og båttransport frå Bergen / Os. For tida har eg ei 50% stilling her, fordelt på 30% forretningsutvikling, salg og marknadsføring for museet og 20% administrasjon, salg og marknadsføring av Rosendal Kammermusikkfestival.
1998-1999: Distriktsaktiv Høgskule i Kvinnherad. prosjektleiar i Bergensregionen i Entreprenørskap i Opplæring og Utdanning.
1996-1998: Kvinnherad Reiselivslag. Bedriftsstipendiat og reiselivssjef. Bedriftsstipendiat med fokus på områdeutvikling. Erfaring som reiselivssjef med dagleg drift, marknadsføring og organisering av alt frå små bussgrupper til omfattande opplevingar for større incentivegrupper i Rosendalsområdet.
Utdanning
2023: AI: Implications for Business Strategy. MIT Sloan School of Management + CSAIL. Machine learning, Natural language processing and Robotics in business. Artificial intelligence in business and society. The future of artificial intelligence.
2020: Lederutviklingsprogram for kvinner i distrikt Vestland. GroSpor for Innovasjon Norge. Selvledelse, oppmerksomhetstrening, mindfulness, individuell og gruppebasert læring, selvinnsikt, kritisk refleksjon m.m.
2000 – 2004: Hovedfag Informasjonsvitenskap, Universitetet i Bergen. Fordjuping i relasjonelle databasar, brukarvennlegheit på web og kunstig intelligens (nevrale nettverk).
Hovudoppgåve: online booking for små og mellomstore reiselivsbedrifter med Baroniet Rosendal som case.
2004: arbeids- og organisasjonspsykologi delfag, UiB
1993-1996: Reiselivsstudiet, Høgskolen i Lillehammer. Fordjuping i reiselivsplanlegging.
Diplomoppgåve: strategi for å møta utfordringar med endra trafikkstraumar – Kvinnherad kommune.
Sjå meir på LinkedIn – og anbefal meg gjerne
Om Linda
Linda Løvfall er en engasjert og erfaren rådgiver innen digitalisering, strategi og forretningsutvikling, med særlig kompetanse innen kultur- og reiselivsnæringen. Gjennom over to tiår har hun jobbet med alt fra IT-løsninger til prosjektledelse, og hjulpet organisasjoner med å tilpasse seg teknologiutviklingen.
Hun har ledet digitaliseringsprosjekter, som å sikre kontaktløs drift under pandemien for Bymuseet i Bergen, og har også vært rådgiver for utviklingen av kulturarrangementer og nettsider. Gjennom sitt eget konsulentfirma, Løvfall Digital Forbedring, har hun bistått bedrifter med alt fra digitale løsninger til forretningsstrategier, alltid med et fokus på bærekraft og vekst.
Linda har en kreativ, menneskelig tilnærming til ledelse. Hun elsker å inspirere team til å tenke nytt, og hennes evne til å balansere teknologi og forretningsbehov gjør henne til en ressurs organisasjoner i utvikling.
Hun bidrar gjerne i nye prosjekter, enten som prosjektleder, strategisk rådgiver eller i en lederrolle innen digitalisering og innovasjon.