Det du har lært om søkemotoroptimalisering for Google gjeld i stor grad også for AI-genererte søk.
- Gode søkeord
Bruk gode, relevante søkeord i overskrifter, tekstar, alt-tekstar og bildefilnavn. - Gode metatekstar
Skriv gode metatekstar: title og description - Strukturer innhaldet ditt
Skriv gode overskrifter. Bruk H1, H2, H3 på samme måte som du ville gjort i eit dokument med overskrift 1, overskrift 2, overskrift 3. - Høg kvalitet på relevant innhald
Om innhandet innhaldet er relevant, informativt og engasjerande for brukaren vil det også bli vekta opp i AI-søk. Både Google og AI prioriterer godt innhald. - Interne lenker
Det som er bra for å hjelpa brukarane dine til å finna fram er også bra for søkemotorane når dei skal indeksera sidene dine. Og søkemotorar som er trent til å oppføra seg som eit menneske likar også brukarvennlege sider. - Optimaliser bilde
Velg gode filnavn, skriv gode, beskrivande alternative tekstar og sørg for at dei godt komprimerte for å få raskast mulig side å lasta. - Sørg for at sida er lett å lasta.
AI-søkemotorar likar sider som er raske og lette å lasta. - Mobilvennleg
Mange søkjer frå mobilen sin, spesielt om ein er på reise, og dette gjer at mobilvennlege sider blir opprioriterte. - Bruk strukturerte data
Sjekk ut schema markup for å informera både tradisjonelle søkemotorar og AI-søkemotorar om kva type tekst det dreier seg om. Er det ei adresse, person, arrangement, oppskrift? Hjelp robotane til å klassifisera innhaldet rett. - Oppdater jevnlig
Oppdatert innhald er positivt, og å legga inn kontinuerlig forbedring av innhaldet ditt er lurt.