Web og sosiale medier
«Kva skal vi vera – for kven?» og korleis kan vi få kommunisert dette effektivt i ulike kanalar? Det er ei utfordring å få produktporteføljen til å henga i hop mot svært ulike målgrupper, samtidig som ein skal kommunisera med medlemmer / aksjonærar for å få alle til å gå i takt.
Eg har halde Innovasjon Norge sine «bli god på nett»-kurs i 8 år, i tillegg til eigne praktiske kurs for reiselivsbedrifter. Erfaringane frå desse kursa er samla både til rådgjevingstimar og ulike kurs spesielt for reiselivsnæringa. Desse er målretta og praktisk retta kurs spekka med tips og erfaringar – forhåpentligvis til nytte både for eigne nettsider og for dine medlemsbedrifter, t.d.:
Online merkevarebygging – eit halvdags Tripadvisorkurs med fokus på å gjera reiselivsbedriftene i området gode på Tripadvisor. Dette er nyttig også i andre eksterne verktøy som Google, Booking.com og andre evalueringsverktøy: bedriftene lærer korleis ein kan få gjestene til å skriva positivt om bedrifta – og korleis dei bør svara på dei negative omtalane.
Vi hadde et halvdagskurs med en engasjerende Linda – det var konkrete eksempler, tips og råd, i tillegg til at vi selv også måtte legge inn våre egen bedrift for de som hadde det.
Ninni Aarhus Tranum, Visit Romerike – Akershus Reiselivsråd
Online merkevarebygging for destinasjonen – eit heildags Tripadvisorkurs med fokus på å løfta heile destinasjonen i lag. Same som kurset over, men ein workshop i tillegg der vi fokuserer på kva som gjer destinasjonen god og kven som tek på seg kva oppgåver for fellesskapet i tillegg til si eiga bedrift.
Jeg tenkte kanskje det var litt drøyt med et heldagskurs bare for Tripadvisor, men tiden fløy avgårde og flere av kursdeltakerne sa at det var et av de mest nyttige kursene de har vært på. Linda Løvfall formidler gode råd både når det gjelder teknisk bruk og språk og tone. Ikke minst bidrar hun til helhetstenkningen rundt destinasjonsbygging og farger innholdet med mange gode eksempler fra sin egen lange erfaring i bransjen. Hun ber om å få deltakerliste på forhånd og stiller veldig godt forberedt slik at kurset tilpasses spesifikt for deltakerne og tilbyr oppfølging i etterkant. Gevinsten ved kursing i Tripadvisor er stor, etter min mening er Tripadvisor en gavepakke for reiselivet. Her kan du fritt reklamere og ta imot tilbakemeldinger fra gjestene dine, og vise omverden hvordan du følger opp.
Martha Torvik, Visit Nordmøre & Romsdal AS
Marknadsføring og salg på nett
Det kjekkeste som finst er å få lov til å ta tak i reiselivsbedrifter og løfta dei opp og fram på nett! Etter 8 år med «bli god på nett» for Innovasjon Norge har eg samla eigne og andre sine erfaringar i eit svært praktisk retta kurs i marknadsføring og salg på nett. Dette tilpassar eg gruppa bedrifter, men stort sett inneheld det:
- * Tilpassing av produktet til booking på nett
- * Korleis få synleg nettside
- * Oppbygging av nettsida: få både brukarvennleg og Googlevennleg nettside
- * Designvalg
- * Korleis gjera kikkarar til kjøparar på nettsida
- * Brukartesting: kjapt, lettvint og nyttig
- * Slik lukkast du i sosiale medier
- Slik skriv du gode statusmeldingar på Facebook
- Lure tips til Instagramkontoen din
- Kom i gang med Facebookannonsering
- Slik får du folk til å gå god for deg med gode omtalar
- Slik håndterer du negativ omtale
Etter kurset har dei som vil tilbod om å kjøpa oppfølgingstime der vi lagar ein liten plan for kva som er lurt å gjera vidare:
Bedriftsrådgjeving
Bedriftsrådgjeving er nyttig for både nyoppstarta og etablerte bedrifter. Dette er ekstra nyttig like etter eit kurs for å få hjelp til å koma vidare, men ein generell gjennomgang av produktet, nettsida og sosiale medier er nyttig for å leggja ein plan for forbetringsarbeidet framover.
Her kan bedriftene få hjelp til å:
- * skriva kravspesifikasjon til få inn tilbod frå leverandørar med
- * finna fram til rett bookingsystem til ulike typar bedrifter og koordinera med leverandør
- * forbetra eksisterande nettside med tekst og bilde generelt og kundereisa fram mot booking spesielt
- * finna sin «tone» og sine målgrupper i ulike sosiale kanalar
- * koma i gang med annonsering i ulike sosiale kanalar
Reisemålsutvikling
Ønskjer du å utnytta potensialet til ditt reisemål betre? Eg har utdanning innan områdeanalyse og planlegging på reiselivsstudiet på Høgskolen i Lillehammer, erfaring frå Kvinnherad Reiselivslag, har vore med i destinasjonsutviklingsprosjekt som konsulent i Kaizen AS over ein 10-årsperiode, og er godkjent rådgjevar/prosessleiar for reisemålsutvikling av Innovasjon Norge.
Innovasjon Norge sin verktøykasse for reisemål er eit godt og nyttig utgangspunkt for arbeidet. Min marknadsføringsbakgrunn gjer at eg heile tida har målretta fokus på marknaden – og kva ein skal vera for kven. Eg samarbeider også godt med Rolf E. Akselsen i Kaizen as, som har svært lang erfaring både som konsulent og undervising på Høgskolen i Lillehammer, samt andre relevante samarbeidspartnarar.
Eg har også erfaring med alt frå vanlege turoperatørar til større incentiveopplegg, og kan ein del om kva som krevst både på destinasjonsnivå og av bedrifter for at ein skal kunna tiltrekkja seg også «high end»-grupper.