Har du tenkt å starta di eiga reiselivsbedrift, eller har du ei reiselivsbedrift som treng eit løft vidare? Eg kan hjelpa deg på vegen til å lukkast.
Web og sosiale medier
Digital statusrapport med rådgjeving
Her får du ein nyttig statussjekk og huskeliste for arbeidet med web og sosiale medier for di bedrift! Dette er ein skikkeleg kickstart på arbeidet vidare, rapporten tek for seg om sida er bra nok teknisk for dagens krav, synlegheit i søkemotorar, kommunikasjon ut mot brukarane dine, bruk av tekstar, bilde, film. Den inkluderer også ein liten sjekk av bedrifta sine sosiale kanalar og korleis desse heng saman med nettsida. Her er det mykje du kan gjera sjølv heilt gratis!
Pris: Fast lavpris inkl. ein grundig og svært nyttig statusrapport/»sjekkliste» (normalt sett ca. på rundt 20 sider) og ein rådgjevingstime på videokonferanse: 2900,- + mva.
Nye nettsider – eller forbetring av dei du har
Eg kan hjelpa deg med enkle grep som forbetra nettsida di, eller å få bestilt nye frå ein leverandør. Du kan også laga enkle nettsider sjølv (her kan eg hjelpa deg på veg) eller eg gjera deg til ein god bestillar ved å skriva ein god kravspesifikasjon slik at leverandøren veit nøyaktig kva du er ute etter og kva krav du stiller til sluttproduktet. Då blir resultatet som regel både betre og billigare.
- * Struktur, ein fornuftig menystruktur og god oversikt på framsida.
- * Skriva gode webtekstar både for nettsida og søkemotorane: både brukarvennleg og Googlevennleg innhald!
- * Grep for å gjera kikkarar til kjøparar på nettsida.
- * Korleis nytta sosiale medier, både Facebook / Instagram og Tripadvisor på tvers av kanalane.
Kravspesifikasjon for ny nettside
Dersom du har tenkt å få ny nettside lønnar det seg å gjera «heimeleksa» skikkeleg først. Då får du det billigste og beste resultatet. Uansett om du har tenkt å gjera det sjølv eller få eit firma til å laga nettsida for deg er det ein del ting som er lurt å setja ned på papiret:
- * Kva type nettside ser du for deg: kva passar for di bedrift?
- * Kven skal du nå?
- * Kva vil du brukarane skal gjera på sida di?
- * Kva type publiseringssystem passar deg og di bedrift? (Eg anbefalar WordPress her.)
- * Om du vil koma i gang med å selja på nett: kva bookingsystem passar di bedrift best?
Målgrupper og målsetting
For å lukkast på nett er du avhengig av å målretta marknadsføringa mot konkrete kundegrupper og ha eit klart mål med kva du vil dei skal gjera etter å ha vore på nettsida di. Eg kan hjelpa deg med å spissa bedrifta di og identifisera både målgrupper og målsettingar som du kan dra nytte av både på nettsida og i sosiale medier.
Marknadsføring og salg på nett
For at di bedrift skal bli bookbar på nett må produktet vera eigna for salg på nett og nettsida må vera ein positiv del av kundereisa. Eg kan hjelpa deg med å gjera ditt produkt bookbart på nett og sjå om du kan få selt saman med fleire produkt eller i samarbeid med andre. Eg kan også koma med tips til kva type bookingsystem som passar best til dine produkt, di bedrift og dine samarbeidspartnarar.
- * Struktur på ny nettside, tekniske løysingar, tips til bookingsystem som fungerer for di bedrift og din måte å jobba på.
- * Gode webtekstar
- * Gjera kikkarane til kjøparar
- * Valg av bookingsystem som passar for di bedrift
T.d. museer er i ein litt spesiell situasjon sidan dei sjeldan er «reason to go», men er avhengige av å informera undervegs eller marknadsføra mot folk på staden dersom det ikkje er gruppebestillingar. Det er også vanskeleg å få forhåndskjøp av billettar på nett dersom det ikkje medfører store fordeler for kunden å kjøpa billettar på førehand. Her har eg ein del tips til spennande moglegheiter dersom ein vil tenkja litt utradisjonelt.
- * online booking for museer: kva typar billettar til arrangement, museumsdagar o.l. kan du faktisk få selt på nettsida?
- * korleis gjera kikkarar til «bestemma seg for å besøkja»
- * korleis førebu ulike typar gjester på besøket slik at dei får mest mogeleg att for besøket?
- * kva typar nettsider passar bra for museer for å synleggjera både aktivitetar og samlingar?
Kurs
Eg har halde Innovasjon Norge sine «bli god på nett»-kurs i 8 år, i tillegg til eigne praktiske kurs for reiselivsbedrifter. Desse er målretta og praktisk retta kurs spekka med tips og erfaringar – forhåpentligvis til nytte for eigne nettsider:
Marknadsføring og salg på nett: eit intensivt «bli god på nett»-kurs for reiselivsbedrifter
Online merkevarebygging – eit halvdags Tripadvisorkurs med fokus på å gjera reiselivsbedriftene i området gode på Tripadvisor. Dette er nyttig også i andre eksterne verktøy som Google, Booking.com og andre evalueringsverktøy: bedriftene lærer korleis ein kan få gjestene til å skriva positivt om bedrifta – og korleis dei bør svara på dei negative omtalane.
Vi hadde et halvdagskurs med en engasjerende Linda – det var konkrete eksempler, tips og råd, i tillegg til at vi selv også måtte legge inn våre egen bedrift for de som hadde det.
Ninni Aarhus Tranum, Visit Romerike – Akershus Reiselivsråd
Online merkevarebygging for destinasjonen – eit heildags Tripadvisorkurs med fokus på å løfta heile destinasjonen i lag. Same som kurset over, men ein workshop i tillegg der vi fokuserer på kva som gjer destinasjonen god og kven som tek på seg kva oppgåver for fellesskapet i tillegg til si eiga bedrift.
Jeg tenkte kanskje det var litt drøyt med et heldagskurs bare for Tripadvisor, men tiden fløy avgårde og flere av kursdeltakerne sa at det var et av de mest nyttige kursene de har vært på. Linda Løvfall formidler gode råd både når det gjelder teknisk bruk og språk og tone. Ikke minst bidrar hun til helhetstenkningen rundt destinasjonsbygging og farger innholdet med mange gode eksempler fra sin egen lange erfaring i bransjen. Hun ber om å få deltakerliste på forhånd og stiller veldig godt forberedt slik at kurset tilpasses spesifikt for deltakerne og tilbyr oppfølging i etterkant. Gevinsten ved kursing i Tripadvisor er stor, etter min mening er Tripadvisor en gavepakke for reiselivet. Her kan du fritt reklamere og ta imot tilbakemeldinger fra gjestene dine, og vise omverden hvordan du følger opp.
Martha Torvik, Visit Nordmøre & Romsdal AS
Rådgjeving på nett
Det kan vera nyttig å få friske auger på korleis ein presenterer bedrifta på digitale flater. «Stoveblinda» rammar oss alle, og vi blir ikkje i stand til å utnytta verken nettsider eller sosiale medier så godt som vi burde. Eg kan hjelpa deg der du er med det du lurer på via videokonferanse og deling av skjerm:
- * Korleis få nye, gode nettsider eller fiksa på nettsida du har så den blir meir brukarvennleg
- * Korleis gjera sida meir målretta og seljande mot ulike målgrupper
- * Korleis finjustera produktet ditt slik at bedrifta di blir bookbar og bidreg til å skåra bra i sosiale medier
- * Korleis bruka ulike sosiale medier-kanalar
- * Korleis koma i gang med annonsering på Facebook, Instagram, Snapchat etc.
Ein slik time er inkludert i Digital statusrapport over, og utgangspunktet for alle slike rådgjevingstimar er å yta best og mest mogeleg effektiv hjelp til di bedrift ut i frå den type hjelp du har behov for.
Ta kontakt, så ser vi kva som passar deg og di bedrift best!