Rådgjeving

Få god hjelp med ærleg og direkte tilbakemelding på bedrifta og marknadsføringa saman med nyttige tips og triks: rådgjeving på Skype er effektivt, rimeleg og nyttig!

Etter 10 år med analyse og rådgjeving i Kaizen AS vart Løvfall web- & reiselivskompetanse starta for å kunna hjelpa små og mellomstore reiselivsbedrifter med web og sosiale medier:

  • LindaSkype– rådgjeving om kravspesifikasjon og innkjøp av ny nettside
  • – hjelp til å velja den beste leverandøren
  • – sjekk av dagens webside for å avdekkja svakheiter og forbetringsmogelegheiter
  • – hjelp til å planleggja arbeidet med web og sosiale medier i bedrifta di
  • – hjelp til å gjera nettsida di meir seljande og gjera fleire kikkarar til kjøparar
  • – hjelp til å strukturera informasjonen på sida best mogeleg
  • – hjelp til å velja rett design eller forbetra eksisterande design
  • – rådgjeving om forretningsmodellar og smarte løysingar for di bedrift

 

Få kompetansen inn i bedrifta!

Når nokon spør om eg kan drifta ei Facebookside for bedrifta deira seier eg: nei, men eg kan visa deg! Ikkje sit med nettsider og sosiale medier som du ikkje har kontroll på sjølv. Desse kanalane er for viktige til å ikkje ha kontroll og kunnskap sjølv! Den beste jobben på web gjer den som har best kjennskap til kundane dine – deg. Du må dermed sjølv kunna gjera sidene dine:

  • * synleg på nett med gode tekstar
  • * seljande med gode tekstar, bilde og handlingsalternativ for brukaren («call to action»)
  • * gjera det LETT for brukaren å gjera det du vil
  • * følja med på kor mange som besøkjer sida di og kvar dei kjem i frå
  • * bruka bilde i lag med teksten slik at dei styrkjer kvarandre

Eller: vita kva du skal spørja etter slik at du får universelt utforma, mobilvennlege og teknisk gode sider som du sjølv kan endra alt av tekstar og bilde.

Sjå kva kurs du kan få til ditt område

Ta kontakt for direkte coaching via Skype på strategi, praktiske grep og nye auger på marknadsføring av di bedrift.

 

Gjer kikkarar til kjøparar

Etter å ha vore borti 7-800 nettsider for norske reiselivsbedrifter sidan 2010 gjennom kurset «Bli god på nett» er det ein ting som peikar seg ut som utfordring for alle: gjera kikkarane på nettsider og sosiale medier til kjøparar. Dette er no lagt inn i kurset «bli god på nett». Dei som var på SNOW15 – vinterkonferansen for reiselivet i Nord-Norge i Tromsø, eller Fjordane frå bre til hav i Førde fekk også del i mine tankar rundt korleis ein kan få til dette.

Klare mål med sidene

Ein ting som «mine» bedrifter ikkje kjem unna på rådgjeving, er å definera kva mål ein har for brukaren sitt besøk på sine sider – kva vil DU at brukaren skal gjera på nettsidene dine? Det hjelper ikkje med stor trafikk inn på sida – først når brukaren gjennomfører det vi vil er jobben på web og sosiale medier fullført!

Målgrupper

Finn ut kven du snakkar til på nettsida di. Har du ulike målgrupper som har ulike ynskje, krav eller behov? Gje kvar målgruppe det dei treng eller vil ha!

Gjer livet LETT for brukaren

Brukaren på nettsidene dine er der av ein grunn. Noko skal gjerast, spørsmål skal svarast på eller inspirasjon skal finnast. Når ein har bestemt seg for kva ein som bedrift vil at brukaren skal gjera på sida, er det ein liten kunst å kopla dette til brukaren sine behov for å auka sjansen for å lukkast: få til vinn-vinn der alle er nøgde. Her er det ei rekkje grep ein kan gjera.

Bildebruk

Bilde på ei nettside er viktig – men om dei ikkje vert brukt rett vil dei ikkje hjelpa deg til å oppnå det du vil på sida. Bildespel og bilde lausriven frå teksten vil ofte mista krafta si i høve til å oppnå interesse, sal – det du vil at brukaren skal gjera. Korleis kan du få bilda til å styrkja bodskapen, svara på brukarspørsmål og gjera kikkarar til kjøparar?

Støtt opp om brukaren sine behov

Brukaren på ei typisk nettside har ulike behov før reisa, undervegs, under opphaldet og etter reisa. Korleis kan du støtta opp om dei ulike behova brukaren har i dei ulike fasane av reisa ved hjelp av web og sosiale medier? Kan bedrifta di i tillegg tena pengar på desse behova?

 

Få kontrollen på dine viktigaste verkty

Du MÅ kunna oppdatera dine eigne heimesider, dei må virka på mobil, vera universelt utforma (gjera jobben sin også for funksjonshemma), og du må kunna følja med på utviklinga ved hjelp av statistikk som t.d. Google Analytics.

Når det gjeld sosiale medier må du vera der kundane dine er, kunna logga deg på og kommunisera med dei. Bli kjent med brukarane dine og finn ut kva som gjer dei glade!

 

Reiselivsrådgjeving via Skype

Står du fast på noko som har med web, sosiale medier, annonsering i sosiale medier eller reiselivsbedrifta di å gjera? Ta kontakt for hjelp til å finna gode løysingar for di bedrift!

Tema som vert dekt er i tillegg til tradisjonell reiselivsrådgjeving innan kulturturisme, museer, aktivitetsturisme, overnatting, restaurant, destinasjonsselskap m.m. Sjå referanser og oversikt over erfaring her.

Fleire hundre bedrifter har etterkvart fått rådgjeving heimefrå via Skype. Erfaringsmessig er rådgjeving via Skype ei svært effektiv arbeidsform der vi deler skjerm og går igjennom det du lurer på, og finn gode løysingar. Eksempel på tema som reiselivsbedrifter over heile Norge har fått hjelp til via Skype er:

  • – gjennomgang av styrkar og svakheiter ved bedrifta si heimeside, korleis kan sida bli meir effektiv?
  • – gjennomgang av kommunikasjonen i sosiale medier
  • – tips og hjelp til publisering og annonsering i sosiale medier
  • – gjennomgang av bedrifta sin publiseringsplan og webstrategi

Last ned Skype her

 

Ta kontakt

Kontakt Linda Løvfall på epost linda@lovfall.com eller ring 99 31 51 95 for å avtala time.

Send gjerne ein epost med oversikt over tema du ønskjer hjelp til slik at det kan lagast ein effektiv struktur for timen på førehand.