Reiselivskurs

Nyttige og svært praktisk retta kurs spesielt utvikla for reiselivsbedrifter innan web og sosiale medier: Bli god på nett grunnleggjande og vidaregåande, samt eit TripAdvisorkurs for reiselivsbedrifter.

«Bli god på nett»

Grunnkurs

Hallstein Søvik og Linda Løvfall kurs i web og sosiale medier for reiselivetInnovasjon Norge sitt praktiske grunnkurs for reiselivsbedrifter som blant anna tek for seg:

  • * Bli synleg på nett
  • * Webtekstar Google og dei andre søkemotorane løftar opp og fram
  • * Webstatistikk med Google analytics, ei grunnleggjande innføring
  • * Bruk av bilde og film
  • * Korleis gjera kikkarar til kjøparar
  • * Brukartesting
  • * Sosiale medier generelt med bl.a. Instagram, Snapchat – og spesielt fokus på Facebook

Websjekk og rådgjevingstime via Skype inkludert i kurset: Ein grundig «helsesjekk» av bedrifta sine heimesider med sterke og svake sider ved heimesida samt kvar dei viktigaste forbetringsmogelegheitene ligg i høve til synlegheit på nett, kommunikasjon og dialog med potensielle og eksisterande kundar / gjester. Denne vert grundig gjennomgått på ein rådgjevingstime via Skype etter kurset.
Eller: Dersom du skal i gang med nye nettsider kan vi bruka tilmålt tid på å hjelpa deg med å finna fram til eigna leverandør i høve dine behov og å støtta opp om prosessen slik at du vert ein mest mogeleg kompetent kunde!

Tilbakemeldingar frå deltakarar på Blir god på nett!

  • Dette kurset er det beste kurset jeg har vært på, inspirerende, dyktige kursholdere som kunne sitt fag!
  • Dette var et særs bra og tydelig praktisk kurs spekkfullt med praktiske utfordringer. Ønsker å se flere kurs med så gode kursholdere, kurs som er praktisk orienterte! Tusen takk for at dere gir oss muligheten til å få bli med på så flotte kurs!
  • Alle som har nettsider skulle gått på dette kurset, alle andre kurs blir overflødig, og jeg har vært på mange ! Særlig vi som har enkvinnes bedrifter er dette aktuelt, vi trenger påfyll og et spark for å komme igang ! veldig lettfattelig språkbruk og tone gjorde at det var artig å gå på kurs !

Kurshaldarar: Linda Løvfall og Hallstein Søvik

Sjå kurskalendar/meir informasjon på eSenteret si nettside.

Fleire ledige datoar i 2016, ta kontakt for å få dette kurset til ditt område!

Vidaregåande kurs

Innovasjon Norge sitt vidaregåande kurs for reiselivsbedrifter som løftar arbeidet med web og sosiale medier opp på eit litt meir overordna strategisk nivå med blant anna:

  • * Laga ein marknadsføringsplan for webarbeidet i bedrifta
  • * Publiseringsplan web og sosiale medier
  • * Annonsering på Facebook og Instagram
  • * TripAdvisor
  • * E-postmarkedsføring

Dette kurset inkluderer rådgjevingstime via Skype etter kurset der vi går igjennom planen for det vidare arbeidet framover.

Kurshaldarar: Linda Løvfall og Hallstein Søvik

Sjå kurskalendar/meir informasjon på eSenteret si nettside.

Fleire ledige datoar i 2016, ta kontakt så kan vi hjelpa deg med å halda kurs i ditt område!

 

Tripadvisor-kurs

Kurs i Tripadvisor for reiselivsbedrifter web og sosiale medier for reiselivetKorleis utnytta TripAdvisor i marknadsføringssamanheng for reiselivsbedrifter:

Kurset er skreddarsydd for små og mellomstore reiselivsbedrifter for å dra nytte av verdens mest nedlasta reiseapp og inneheld tema som:

  • * Litt fakta om Tripadvisor
  • * Slik gjer du destinasjonen din attraktiv på Tripadvisor
  • * Oppretta bedriftsprofil på rette kategoriar med tekst, bilde, kontaktinformasjon.
  • * Gjer kikkarar til kjøparar med TripAdvisor: Kobla til heimesida og lær korleis du kan utnytta tilgjengelege verktøy for auka sal
  • * Samla gode omtalar: slik skaffar du deg gode omtalar
  • * Slik unngår du i størst mogeleg grad dei dårlege
  • * Svara på omtalar: slik skriv du eit godt svar (både på positive og negative omtalar)
  • * Marknadsfør bedrifta di med gode omtalar
  • * Samanlikn bedrifta di med konkurrentane dine
  • * Kva får ein med betalt profil som bedrift og som destinasjon?
  • * Booking og anmeldelsar med Tripadvisor eller Booking.com?

Kurset er svært praktisk retta med lure tips & triks for korleis ein kan dra best mogeleg nytte av Tripadvisor både som bedrift og destinasjon. Kurset legg også opp til samarbeid på destinasjonen, og kurshaldar bidreg med praktiske råd og hjelp i etterkant for dei som treng det for å få best mogeleg utbytte av kurset.

Kurshaldar: Linda Løvfall

Jeg tenkte kanskje det var litt drøyt med et heldagskurs bare for Tripadvisor, men tiden fløy avgårde og flere av kursdeltakerne sa at det var et av de mest nyttige kursene de har vært på. Linda Løvfall formidler gode råd både når det gjelder teknisk bruk og språk og tone. Ikke minst bidrar hun til helhetstenkningen rundt destinasjonsbygging og farger innholdet med mange gode eksempler fra sin egen lange erfaring i bransjen. Hun ber om å få deltakerliste på forhånd og stiller veldig godt forberedt slik at kurset tilpasses spesifikt for deltakerne og tilbyr oppfølging i etterkant. Gevinsten ved kursing i Tripadvisor er stor, etter min mening er Tripadvisor en gavepakke for reiselivet. Her kan du fritt reklamere og ta imot tilbakemeldinger fra gjestene dine, og vise omverden hvordan du følger opp.

Martha Torvik, Visit Nordmøre & Romsdal AS

Kurs 2017

  • 04.04: Notodden

Kurs 2016:

  • 15.02: Mo i Rana
  • 16.02: Mosjøen
  • 17.02: Sandnessjøen
  • 18.02: Brønnøysund
  • 12.05: Larvik
  • 20.10: Trondheim
  • 16.11: Surnadal

Ta kontakt for å få kurs til ditt område!