Kompetanse

Bedriftsrådgjevar og kurshaldar for reiselivsbedrifter med web og sosiale medier som spesialområde. Kompetanse: til saman meir enn 20 års utdanning og erfaring innan både reiseliv og IKT.

  • * Kurs og foredrag
  • * online marknadsføring
  • * pakking og salg av reiselivsopplevingar
  • * Usability/UX/brukarvennlegheit på web
  • * Brukartesting
  • * Bildebehandling
  • * Prosjektleiing
  • * Bedriftsrådgjeving
  • * Reisemålsutvikling
  • * Kulturbasert reiseliv
  • * Aktivitetsbasert reiseliv
  • * Strategisk bruk av IKT i mindre reiselivsbedrifter
  • * Dynamiske webløysingar generelt, og wordpress spesielt
  • * Marknadsføring generelt, og web og sosiale medier spesielt
  • * Relasjonelle databasar, SQL m.m.
  • * m.m.

 

Erfaring og referansar

2010-: «Bli god på nett» – kurshaldar på Innovasjon Norge sine kurs i web og sosiale medier for reiselivet. Sidan 2014 også eit vidaregåande kurs med fokus på strategi for web og sosiale medier samt litt meir avansert bruk og annonsering i sosiale medier.

2006 – 2015: Kaizen AS. Analyse og rådgjeving for reiselivsbedrifter med spesielt fokus på gjesteundersøkingar, marknadsundersøkingar, prosjektleiing. Web og marknadsansvarleg for Stiftelsen Sykkelturisme sidan 2007, blant anna ansvarleg for generell marknadsføring og nettsider basert på ei wordpressløysing for stiftinga.

10 års erfaring som konsulent i Kaizen AS har medført deltaking i ei rekkje konkrete prosjekt innan reisemålsutvikling, forretningsutvikling, web og sosiale medier for reiselivet, gjesteundersøkingar, marknadsundersøkingar, kultur og aktivitetar, sjå referansar her.

1990-1995 og 2004-: Baroniet Rosendal. 2004-2005: 60% prosjektstilling. Sidan 2006 fast tilsett i 20% stilling som rådgjevar IKT og marknadsføring med ansvar for heimeside, sosiale medier, annonsering i tradisjonelle og sosiale medier, pakking og sal av opplevingar på Baroniet Rosendal. Laga websider sjølv for museet i 2004 frå grunnen av, og driftar no ei wordpressløysing for Baroniet Rosendal der vi sel alt av billettar til konsertar, teater, foredrag samt ein god del pakkar med omvising, lunsj og båttransport frå Bergen / Os.

1998-1999: Distriktsaktiv Høgskule i Kvinnherad. prosjektleiar i Bergensregionen i Entreprenørskap i Opplæring og Utdanning.

1996-1998: Kvinnherad Reiselivslag. Bedriftsstipendiat og reiselivssjef. Bedriftsstipendiat med fokus på områdeutvikling. Erfaring som reiselivssjef med dagleg drift, marknadsføring og organisering av alt frå små bussgrupper til omfattande opplevingar for større incentivegrupper i Rosendalsområdet.

 

Utdanning

2000 – 2004: Hovedfag Informasjonsvitenskap, Universitetet i Bergen. Fordjuping i relasjonelle databasar, brukarvennlegheit på web og kunstig intelligens (nevrale nettverk).
Hovudoppgåve: online booking for små og mellomstore reiselivsbedrifter med Baroniet Rosendal som case.

2004: arbeids- og organisasjonspsykologi delfag, UiB

1993-1996: Reiselivsstudiet, Høgskolen i Lillehammer. Fordjuping i reiselivsplanlegging.
Diplomoppgåve: strategi for å møta utfordringar med endra trafikkstraumar – Kvinnherad kommune.

 

Sjå meir på LinkedIn – og anbefal meg gjerne